Norsk møbelindustri: Korleis står det til – eigentleg?

DOGA-merket for design og arkitektur fyller 60 år, og vi feirar jubileet med ei rekke festkveldar der vi hyller mottakarar, bransjar og fagfelt. Først ut: Den norske møbelindustrien.

Lenestoler i skinn i et atrium.

Sverre Fehn teikna Venezia-lenestolen til den nordiske paviljongen i Venezia i 1963, men den blei aldri sett i produksjon. Det har Fjordfiesta no gjort noko med. 

Foto: Fjordfiesta
Hvor

DOGA, Nedre Vollgate 4, Oslo

Arrangementet strømmes

Dato
24. april 2025
Tid
Kl. 18.30 - 22.30

På 50-, 60-, og 70-talet fanst det omtrent ei norsk møbelbedrift i annankvar fjordarm og ditto dalføre. I dag er det meste av produksjonen flytta utanlands og vi treng knapt ti fingrar for å telle talet på suksessrike merkevarer. Kva skjedde? Er norsk møbelindustri daud og gravlagd, eller lever den i beste velgåande?

Vi sjekkar pulsen og har hjartestartar i bakhand – for her er det liv laga! 

Svart-hvitt-bilde av en mann i dress som sitter med korslagte ben.
Ingmar Relling fekk Norsk Designcentrums Merke for god design for Siesta-stolen i 1966, då den vart produsert av Vestlandske Møbelfabrikk. Stolen er framleis like aktuell i dag, og er ein del av LK Hjelle sitt sortiment.
Foto: LK Hjelle
Skrivebordslampe
Produksjonen av industridesignar Jac Jacobsen sin Luxo L-1 starta allereie i 1937 og lampen blei heidra med Klassikerprisen i Merket for god design i 1993. No står Glamox bak tilverkinga av det norske designikonet.
Foto: Glamox

Program

Kl. 18.30: Dørene opnar 

Kl. 19.00: Programmet startar

  • Det norske møbeleventyret, eit historisk tilbakeblikk   
  • Sofasamtale: «Norsk møbelindustri: Korleis står det til – eigentleg?»    

Paneldeltakarar: Pål Eid-Hviding, Fora Form. Christian Lodgaard, Flokk. Torbjørn Anderssen, Anderssen & Voll. Ragnhild Grytten, Designindustrien. Anne Marie Brady, Innovasjon Norge. 

Pause 

  • Fotoessay: Making The Plus av Einar Aslaksen 
  • Sofasamtale: «Kven teiknar framtidas møblar?» 

Paneldeltakarar: Designarane Anna Maria Øfstedal Eng, Kristine Five Melvær, Mikkel Jøraandstad/Studio Sløyd og Jonas Stokke.

Programmet er slutt cirka kl. 21.00. Deretter blir det mingling og moro. 

Teskje, spiseskje, gaffel og kniv liggende på en vevd bordbrikke.
Maya-bestikket fekk Norsk Designcentrums Merke for god design i 1965 og igjen Klassikerprisen i 1991. Opphaveleg blei det produsert av Norsk Stålpress, men i nyare tid kjøpte danske Stelton rettane og har det i dag i sin permanente kolleksjon. Eckhoff var særleg nytenkande når det gjaldt materialutnytting og brukarvenlegheita til produkta, noko Maya er eit godt eksempel på.
Foto: Stelton
Svart-hvitt-bilde av designeren Thias Eckhoff som ung mann med en pipe i munnen.
Industridesignar Tias Eckhoff sto bak nokre av dei fremste klassikarane i norsk designhistorie, og utmerka seg mellom anna med møblar, kaffikjele, servise, og det etter kvart ikoniske Maya-bestikket.
Foto: Bent Lund Finne

Bli med på ein kveld med djupdykk i den norske møbelhistoria – vi snakkar Scandia-, Siesta- og Tripp-Trapp-stolar, men òg L-1-lampen og Maya-bestikket. Mottakarane av DOGA-merket for design og arkitektur, tidlegare Merket for god design, har forma møbel- og interiørvareindustrien, og har mellom anna bidratt til revolusjonerande produksjonsmetodar, materialoptimalisering og merkevarer som er blitt kjende langt utanfor landegrensene.

Kvinne på kontorstol ved bord
Fora Form har historie heilt tilbake til 1929, då bedrifta først vart etablert som Møre Kurvmøbelfabrikk i den vesle bygda Ørsta på Sunnmøre. Seinare skifta dei namn til både Møre Lenestolfabrikk og Møremøbler, før dei i 1997 fann sitt endelege namn. Bedrifta har motteke flest Merker i historia, og fortset å produsere prisvinnande design saman med nytenkande formgivarar – og evnar å fortelje om det. I 2024 lanserte dei mellom anna stolen Bud, designa av duoen Skogstad & Wærnes, her iscenesett av Kirsten Visdal og fotografert av Ida Bjørvik for Fora Form.
Foto: Ida Bjørvik/Fora Form

Fora Form er den mestvinnande Merket-mottakaren i historia, med over 50 tildelingar gjennom 60 år. Dei eksporterer i dag til 20 land og har ei omsetjing opp mot 170 millionar kroner – og har framleis produksjon i Ørsta på Sunnmøre. Men klarar andre norske merkevarer å følgje i deira fotspor? Og om ikkje, kvifor? Svara skal vi leite oss fram til saman denne kvelden.   

Foto: Johanne Nyborg
Kunstferdig utformet trebord
Anna Maria Øfstedal Eng (f. 1993) tilhøyrer ein ung generasjon formgivarar som eksperimenterer med nye formspråk, materialar og produksjonsmetodar. Krakken Foamy, som vart vist i samlingsutstillinga The Material Way i København i 2024, representerer forsking på og eksperimentering med biomaterialar, med mål om å skape eit innovativt møbel laga av 100 prosent biologisk nedbrytbare ingrediensar. Skummet – som vanlegvis er ein miljøversting i møbelindustrien – er her mellom anna utvikla av sagflis og spon frå eigen møbelproduksjon.
Foto: Johanne Nyborg

Dessutan: Frå furu til fungus! Nye generasjonar ser til nye materialar, nye formuttrykk og nye produksjonsmetodar, og kan vere akkurat den vitamininnsprøytinga norsk møbelbransje treng. Men hugsar den å ta tilskotet sitt?

Bli med oss og feire ein industri vi har all grunn til å vere stolt av – men som kanskje òg treng eit velmeinande spark bak for å få litt fart på seg! 

Har du spørsmål?

Ta kontakt på telefon eller e-post.