DOGA
Sist oppdatert:

Framtidas design startar i materialet

Framtidas produkt skal lagast av noko. Stadig oftare ligg innovasjonen nettopp der: i materialet, i måten det blir framstilt på, og i kva som skjer med det etter bruk. På denne DOGA-afterworken møter du designarar, materialutviklarar og industribedrifter som viser kva dette betyr i praksis. 

Adresse
DOGA – Nedre Vollgate 4, Oslo
Dato
Tid
15.30–18.30
Deltakelse
Fysisk - Digital
Pris
DOGA sine arrangement er gratis. Men dersom du melder deg på og likevel ikkje kjem – utan å ha meldt deg av – får du eit gebyr på kr 250 ekskl. mva.
Påmelding
Foto av en container halvfull av skrapmetall av aluminium.

Aluminium kan resirkulerast i det uendelege og såleis får skrapmetall nytt liv i nye produkt. Foto: Hydro

Dette veit vi: Skal vi redusere utsleppa og ressursbruken, må vi tenkje annleis om materiala vi bruker. 

Dei neste åra kan mykje av den viktigaste innovasjonen dermed ligge i sjølve materiala framfor produkta: kva vi bruker, korleis dei blir framstilte, kor mykje vi bruker av dei, og kva som skjer med dei etterpå. 

Nye krav til berekraft, skjerpa internasjonal konkurranse, usikre verdikjeder og knappare tilgang på ressursar gjer at stadig fleire verksemder må tenkje annleis om korleis produkt blir utvikla. Materialval handlar ikkje lenger berre om eigenskapar og pris – dei påverkar alt frå klimafotavtrykk og produksjon til merkevare, lønsemd og konkurransekraft. 

For designarar betyr dette nye moglegheiter. For næringslivet betyr det nye strategiske val. 

Foto av to lamper av typen Superdupertube som henger ved siden av hverandre over en lang bordplate i tre.

Superdupertube mottok DOGA-merket for design og arkitektur tidlegare i år. Snøhetta og Ateljé Lyktan har gitt lampen, ein klassikar frå 1970-talet, nytt liv med nye materialar med lågare klimafotavtrykk. Foto: Jonas Lindström/Ateljé Lyktan

Foto av ubehandlet hamp.

Ein materialmiks av hampbasert biopolymer, stivelse frå trecellulose og sukkerrør, var den optimale løysinga for redesignet av lampen. Foto: Ateljé Lyktan

Kvar går vegen vidare?

Denne ettermiddagen går vi frå eksperimentelle biomateriale til aluminium i industriell skala, og frå redesign av ein lysklassikar til erfaringane frå ein produsent som skal omsetje ambisjonar om lågare utslepp til faktisk produksjon.  

Vi skal sjå på det som fungerer. Men også på det som er vanskeleg. For mellom ein lovande materialidé og eit produkt i marknaden ligg spørsmål om pris, kvalitet, skala, tilgang og risiko. Kven tek dei vala? Kven driv utviklinga? Og kva må designarar og industri lære av kvarandre dersom betre materialløysingar skal bli meir enn gode intensjonar? 

Foto av ulike designgjenstander i aluminium i en utstilling.

Hydro har fått internasjonal merksemd for sine Milano-utstillingar, der dei har vist produkt utforma i Hydro CIRCAL 100R – aluminium resirkulert av 100 prosent skrapmetall. Foto: Einar Aslaksen/Hydro

Program

Tidspunkt og tittel Beskrivelse

Dørene opnar

Ta deg ein enkel matbit, kjøp noko kaldt i baren og finn ein likesinna å henge med.

Velkomen

Cecilie Molvær Jørgensen, DOGA

Kva skjer med design når materialet blir viktigare enn forma? 

Stian Alessandro Ekkernes Rossi, OiOiOi
Arkitekten og materialstrategen viser oss kvifor material betyr meir enn nokon gong, og kvifor materialval i dag handlar om langt meir enn eigenskapar og estetikk.  

Frå laboratorium til storskala

Birgitta Ralston, Bioregion Institute
Frå biodesignlab til startup og marknad: Korleis kan biologiske restressursar og materialutforsking bli til ting som faktisk kan produserast og takast i bruk? Birgitta viser både potensialet i regenerative produkt og kva som skal til for å få dei ut i verda.

Materialinnovasjonen som endra ein klassikar

Jenny B. Osuldsen, Snøhetta
Med Superdupertube er ein designklassikar tenkt på nytt gjennom materialval, konstruksjon, produksjon og livsløp. Lampen mottok DOGA-merket for design og arkitektur tidlegare i år.  

Når uendeleg gjenvinning blir eit konkurransefortrinn

Hilde Kallevig, Hydro
Framtidas materialomstilling handlar ikkje berre om å finne opp nye materiale, men om å endre korleis vi produserer, bruker og held etablerte materiale i kretsløpet.  

Mingling

Vi avsluttar med mingling og god stemning! 

Kva kan biologiske ressursar bli til? Bioregion Institute koplar lokale ressursar med design og materialutvikling for å utforske nye materiale og moglege bruksområde. Foto: Hundven Clements/Bioregion Institute

Dette seminaret passar for

  • designarar og arkitektar 
  • bedriftsleiarar og beslutningstakarar 
  • innovasjons- og produktutviklingsmiljø 
  • produksjons- og industribedrifter 
  • gründerar og oppstartsbedrifter 
  • FoU-miljø og forskarar 
  • alle som er opptekne av korleis framtidas produkt blir til 

Velkomen til ein ettermiddag – fysisk eller digital – om material, innovasjon og konkurransekraft, og om kvifor framtidas design startar i materialet. 

Påmelding

Har du spørsmål?

Ta kontakt på telefon eller e-post

Foto av Cecilie som har halvlangt lyst hår og smiler mildt mot kamera med hendene i siden.

Cecilie Molvær Jørgensen

Seniorrådgiver

Designdrevet næringsutvikling

Priser og forbilder

(+47) 997 28 178 cmj@doga.no
Cecilie er en del av teamet som jobber med DOGA-merket. Hun er utdannet journalist og har 20 års erfaring innen norsk møbel- og designbransje, hovedsakelig som journalist og redaktør i norske designmagasiner, men også som ansvarlig for internasjonale møbelutstillinger. Cecilie medvirker ofte i juryarbeid i både norske og internasjonale designpriser, deltar i panelsamtaler og brukes gjerne som konferansier og programleder.