Cecilie Molvær Jørgensen
Seniorrådgiver
Designdrevet næringsutvikling
Priser og forbilder
(+47) 997 28 178 cmj@doga.noKorleis blir ein gamal kornsilo til eit moderne kunstmuseum? Og kva skal til for at eit bygg endrar ein by? Bli med på DOGAs afterwork, ta eit glas, treff kjende og lær meir om korleis arkitektur, design og ambisjonar kan skape verdi langt utover sjølve bygget.
Foto: Alan Williams
Den gamle kornsiloen i Kristiansand har vekt internasjonal merksemd for den monumentale transformasjonen frå industribygg til kunstmuseum, og mottok tidlegare i år DOGAs Hedersmerke – den høgaste utmerkinga for design og arkitektur i Noreg.
Men kva skal eigentleg til for å skape eit prosjekt som dette? Kva rolle spelar arkitekturen, og korleis bidreg interiørarkitektur, grafisk design og utstillingsdesign til å løfte den arkitektoniske idéen? Og kva skjer når eit kulturbygg blir meir enn eit bygg – når det blir ein motor for byutvikling, reiseliv og regional identitet?
Foto: Alan Williams
Denne ettermiddagen tek vi deg med bak kulissane i eit av dei mest ambisiøse transformasjonsprosjekta i norsk arkitekturhistorie.
Du får møte menneska som stod bak visjonen, dei arkitektoniske vala og samarbeidet på tvers av designfaga. Vi løftar også blikket og ser på kva Kunstsilo har betydd – ikkje berre for Kristiansand, men for Sørlandet som kulturregion og reisemål.
Gjennom innlegg og samtalar spør vi:
Foto: Nonspace
Foto: Alan Williams
| Tidspunkt og tittel | Beskrivelse |
|---|---|
Dørene åpner |
Kjøp deg noko kaldt i baren, finn nokon å prate med og gled deg til det som kjem! |
Velkommen |
Cecilie Molvær Jørgensen, DOGA Introduksjon til dagens tema |
Frå kornsilo til kulturkraft |
Reidar Fuglestad, tidlegare administrerande direktør ved Kunstsilo Om ambisjonane, visjonen og kvifor prosjektet blei til. |
Den monumentale transformasjonen |
Magnus Wåge, Mestres Wåge arkitekter Om transformasjonen frå industribygg til internasjonal kunstinstitusjon – dei store grepa, utfordringane og dei arkitektoniske vala. |
Å bygge det umoglege |
Simon Hartveit, Backe Om utfordringane, løysingane og handverket bak transformasjonen frå industrisilo til kunstmuseum. |
Mellom monument og menneske |
Linda Steen, Scenario interiørarkitekter Om å skape varme, funksjon og oppleving innanfor den sterke arkitekturen. |
Designing the Experience |
Tom Morgan og Mark Trzopek, Nonspace The collection and the building get you one visit. The brand experience is what brings you back. |
Frå bygg til destinasjon |
Kva betyr Kunstsilo for Kristiansand, Sørlandet og utviklinga av staden som kultur- og reisemål? Ein samtale mellom Roar Osmundsen i Næringsforeningen i Kristiansandsregionen, Reidar Fuglestad og Magnus Wåge. |
Mingling |
Vi avsluttar med mingling og god stemning! |
Velkommen til ein inspirerande ettermiddag om arkitektur, design og samfunnsutvikling – og om korleis eitt bygg kan bli starten på ei større forteljing.
DOGA skal være tilgjengelig for alle – enten du besøker oss digitalt eller fysisk. På siden under finner du informasjon om fremkommelighet, bruk av hjelpemidler og annet som kan være nyttig når du besøker oss.
Ta kontakt på telefon eller e-post
Seniorrådgiver
Designdrevet næringsutvikling
Priser og forbilder
(+47) 997 28 178 cmj@doga.no
Seniorrådgiver
Designdrevet næringsutvikling
Priser og forbilder
(+47) 997 28 178 cmj@doga.no