DOGA
Sist oppdatert:

Business, bærekraft og begeistring: Design som drivkraft i norsk industri

Framtidas industri blir ikkje til av seg sjølv. Bli med når DOGA og Norske Designere inviterer til ein inspirerande formiddag hos Rottefella i Drammen. Gjennom gode innlegg får du innblikk i korleis industridesign bidreg til innovasjon, verdiskaping og framtidstru i norsk næringsliv.

Adresse
Rottefella – Ringeriksveien 70, Lierstranda
Dato
Tid
09.30–12.30
Deltakelse
Fysisk
Påmelding
Foto av skiløper nedover en bakke i dyp snø.

Rottefella har gitt nordmenn – og alle andre skientusiastar – fantastiske vinteropplevingar i snart 100 år. Foto: Rottefella

Kva kjenneteiknar bedriftene som lykkast med å fornye seg? Korleis utviklar ein produkt som folk faktisk ønskjer å bruke, som møter krav til berekraft, kvalitet og lønsemd – og som attpåtil evnar å begeistre mens dei gjer det? 

Norsk næringsliv og industri er i endring. Nye teknologiar, nye forventningar frå marknaden og aukande internasjonal konkurranse utfordrar etablerte forretningsmodellar. Samtidig opnar det seg nye moglegheiter for dei som evnar å tenkje nytt. 

Ei av dei viktigaste drivkreftene er – sjølvsagt – design. 

Torsdag 5. november inviterer vi deg til å møte tre verksemder som jobbar nettopp slik: Rottefella, Aclima og EVI Ski. Felles for dei tre er at dei strategisk brukar design som konkurransefortrinn i ein internasjonal marknad. Eit anna fellestrekk ved dei tre? Dei har alle motteke DOGA-merket for design og arkitektur – minst éin, men òg fleire gonger opp gjennom tidene.  

Du får høyre om

  • kva rolle industridesign spelar i utviklinga av framtidas industri
  • korleis design skaper konkurransekraft i globale marknader
  • kva etablerte verksemder kan lære av utfordrarane – og omvendt
  • korleis vi utviklar produkt som folk vel, brukar og tek vare på.

Og, bonus: Det blir omvising hos Rottefella! Her jobbar 33 menneske i eit automatisert og robotisert produksjonsmiljø av ypperste klasse, og leverer produkt til 60 internasjonale marknader. Om du er designnerd, teknologinerd eller verksomheitsnerd, vil du garantert bli inspirert her.

Design og produktutvikling har vore avgjerande for suksessen for eit av Noregs mest kjende industriprodukt. Kjenner du historia bak Rottefella-bindingen, forresten? Dagen før eit skirenn i 1927 fekk oppfinnar Bror With idéen om å bruke stålfjær frå eit gammalt sykkelsete som binding. Han smidde det om til ein klembøyel, klinka inn nokre piggar, bora hol til bøylen, og haldt han nede av ein rem. Dagen etter såg dåverande Kronprins Olav konstruksjonen og spurde kva With hadde på skia. “Å – det er berre eit par rottefeller”, svarte oppfinnaren. Et voilà!   Foto: Rottefella

En alvolig mann med caps holder opp en knekt alpinski.

Ei øydelagd ski er starten på eit nytt liv hos EVI Ski. Med småskalahandverk og ein unik sirkulær metode viser gründer Endre Hals korleis moderne alpinski kan få evig levetid – samtidig som han utfordrar ein bransje prega av høgt svinn. Foto: Thomas Kleiven

Program

Tidspunkt og tittel Beskrivelse

Dørene opnar

Få ein kaffi og noko lett å bite i saman med oss.

Velkomen

DOGA og Norske Designere introduserer dagens tema.

Tradisjon, teknologi og kontinuerleg fornying

Rottefella

Rottefella har vore med på å forme norsk skihistorie gjennom generasjonar. Men korleis held ein fram med å vere relevant i ein marknad som stadig endrar seg? Vi får høyre korleis design og produktutvikling har vore avgjerande for å fornye eit av Noregs mest kjende industriprodukt – og for å halde seg i front internasjonalt.

Omvising

Omvising i Rottefella sin produksjon. 

Når berekraft blir ein del av produktet

Christian Lodgaard, Aclima 

For Aclima handlar innovasjon ikkje berre om nye produkt, men om å utvikle produkt som varer. Gjennom materialval, kvalitet og langsiktig tenking viser dei korleis design kan bidra til meir berekraftige løysingar – utan å gå på kompromiss med brukaroppleving eller forretningsmessige mål.

Å utfordre det etablerte

Endre Hals, EVI Ski 

EVI Ski mottok DOGA-merket for design og arkitektur i januar i år. Med ny teknologi og eit friskt blikk på ein tradisjonsrik kategori utfordrar dei etablerte førestillingar om korleis ski kan utviklast, produserast og brukast. Kva skjer når design blir brukt som verktøy for å tenkje heilt nytt?

Slutt

Takk for i dag!

Seminaret er for deg som

  • utviklar produkt, teknologi eller nye løysingar  
  • er leiar i ei verksemd som ønskjer å styrke innovasjonsevna  
  • arbeider med design, produktutvikling eller berekraft  
  • er gründer eller del av eit vekstselskap  
  • jobbar med næringsutvikling i privat eller offentleg sektor  
  • er nysgjerrig på korleis design kan bidra til betre produkt, sterkare merkevarer og meir konkurransedyktige verksemder. 

Seminaret er i regi av DOGA i samarbeid med Norske Designere – interesseorganisasjonen for interaksjonsdesignere, tjenestedesignere og industridesignere. 

Mann i ullklær i lyngen.

Aclima har laga kvalitetsprodukt i ull sidan 1939, og leverer kle til fritidsbruk i tillegg til til politi, brannvesen og militærstyrker. Foto: Aclima

Påmelding

Har du spørsmål?

Ta kontakt på telefon eller e-post

Foto av Cecilie som har halvlangt lyst hår og smiler mildt mot kamera med hendene i siden.

Cecilie Molvær Jørgensen

Seniorrådgiver

Designdrevet næringsutvikling

Priser og forbilder

(+47) 997 28 178 cmj@doga.no
Cecilie er en del av teamet som jobber med DOGA-merket. Hun er utdannet journalist og har 20 års erfaring innen norsk møbel- og designbransje, hovedsakelig som journalist og redaktør i norske designmagasiner, men også som ansvarlig for internasjonale møbelutstillinger. Cecilie medvirker ofte i juryarbeid i både norske og internasjonale designpriser, deltar i panelsamtaler og brukes gjerne som konferansier og programleder.