Me har lenge sett korleis netthandel har konkurrert med kjøpesentra om å kverke sentrumshandelen. Når alt ein treng no er ein app for også å handle matvarer, står sentrum i enda større fare for å døy. Dette gjeld særleg på mindre stader, kor matbutikken ofte er det som er sentrum, og kor folk møtes. Teknologi har skapt nærheit til det langt borte og tradisjonelle barrierar for å møtes er viska ut. Me chattar med kvarandre via Messenger, debatterer gjennom sosiale medier, og finn potensielle dates gjennom Tinder. Det synest ikkje tvil om at ny teknologi og digitale flater påverkar måten me oppfører oss på og interagerer med kvarandre på, og det påverkar vår bruk av byen.
Me har aldri brukt meir tid på nett og telefon, men gjer tilgangen på nye digitale møteplassar at våre fysiske omgivnadar blir mindre viktige? Mennesket er som kjent sosiale flokkdyr som likar å møtest. Når alle trudde internett skulle gjere heimekontoret til det foretrukne alternativet, blei reaksjonen i staden co-working spaces på kvart gatehjørne. Og aldri før har det poppa opp fleire nabolagspøbbar i Oslo. Ikkje fordi øl til over 100 kr flaska er ei nødvendigheit, men fordi folk vil møtast.
Ein meir digital kvardag betyr at byane og tettstadene våre har meir intern konkurranse, om både bustader og opphaldsrom. Ungdommar går ikkje lenger berre utanfor døra og speler fotball med nabogjengen sin. I staden bruker dei Messenger til å avtale møter på tvers av bydelsgrenser, til der det skjer ting og der dei trivast best. Single går ikkje lenger til stamstaden sin for å finne ny kjærleik, det gjer dei på Tinder. Neste skritt er likevel å møtes, og då er heile byen leikegrind. Då gjeld det å finne dei stadene som kjenner balansen mellom den uformelle og den romantiske stemninga, mellom mange gjester og mulegheita for private rom, og mellom lett og dunkel lyssetting.
Endringane i vanane våre gjer at det berre stillast høgare krav til utforming av byane våre, både både når det gjeld kvalitet og kreativitet. Det er altså ikkje grunn til at arkitektar og byplanleggarar kan lene seg tilbake. Den fysiske møtestaden, kor livet skal levast i og rundt, er kanskje viktigare enn nokon gong. Så kva skal til for at me skal kunne bygge gode byar, plassar og rom, som tar inn over seg endringane i måten me lever på?
Heldigvis veit me ein heil haug om korleis me utformar arkitektur og byar med kvalitet. For uansett kor mykje me likar å snakke om korleis samfunnet er i endring, så har faktisk ikkje vår oppleving av kor det er godt å vere endra seg så mykje. Ein by utan høge lukka førsteetasjar kjennes framleis meir menneskeleg og trygg, enn den som vender ryggen til det som skjer på gata. Og når me bygger mellomromma i byen slik at lyset treff fasaden, og fargar byen i takt med årstidene, så gir det noko tilbake til dei som bur der. Det er ein grunn til at me likar å ete pizza på gata i Roma, og at nokon av oss betalar 100 kr for ein kopp kaffi på Plaza Mayor.
Det synest likevel vanskeleg å bruke denne kunnskapen i planlegginga av framtidas byar. Altfor ofte er bygginga ikkje god nok til å overleve fleire generasjonar, og verken lys, luft, proporsjonar eller materialval er premissgivande for utviklinga. Er det fordi me bruker meir energi på å spekulere på ting me ikkje veit, enn å fokusere på korleis me kan omsette det me faktisk kan noko om til praksis? Eller er me blenda av å løyse dei utfordringane me står ovanfor i dag på ein raskast, og billigast måte?
For viss digitalisering kan verke skummelt for nokon, så er det enda meir skummelt å la kortsiktige behov og interesser vinne fram. Er det så lurt å bygge masse bustader på kort tid, når ein ikkje kan sikre skikkelege lysforhold eller kvalitet i materialbruk? Eller bygge nye bydelar så raskt at innbyggarane ikkje heng med, og byromma blir ståande tomme og kalde? Og er det ein god idé å tillate kjøpesenter langs motorvegane, når ein veit at dei tar livet av levande sentrum?
Byane våre blir ikkje smartare berre av at me får fleire appar på telefonen, det gjer kanskje til og med innbyggarane dummare. Smarte byar krevjar framleis arkitektur og planlegging av høg kvalitet, i tillegg til modige politikare, arkitektar og utviklarar som tør å satse på langsiktige prosessar. Framtidas byar skal leve lenger enn oss, og lenger enn mobiltelefonen óg.
Siri Holmboe Høibo, rådgjevar DOGA
Hanna Dencik Petersson, direktør Oslo arkitekturtriennale