Hopp til hovedinnhold

Hovedmeny og hjelpeverktøy

Design og arkitektur Norge

Nyheter

Overskrifta kjem frå spaltist Simon Kuper sin artikkel i Financial Times. Han hevdar dei store byane har utspelt si rolle ved å bli for store, overstimulerande og dyre. Det er ingen stader i verda det er kostar meir å leige kontorplass for gründerar enn i London, og Tokyo by er venta å krympe frå 2020.

Det er langt frå London til Lærdal, og frå Tokyo til Træna, men internasjonale strømmingar fortel oss at det er fleire grunnar til at det er på tide å sjå heim. Normen om at det er byen som må vere plattformen for mangfald, kreativitet og innovasjon begynner å bli utfordra fleire stader i Norge. På grunn av ein aktiv nasjonal distriktspolitikk og digital tilgjengelegheit, samt mulegheitsorienterte kommunar og privatpersonar som evnar å sjå næringsutvikling og stadsutvikling under eitt, har Norge noko me kan lære til resten av verda.  

Illustrasjon: Spahotell i skjærgården på Træna med mennesker som bader i sjøen.
Træna arbeider med turisme og lokal samfunnsutvikling sett i samanheng. «Spatrium» er eit pågåande prosjekt for etablering av museum, hotell, badstue/spa og artist-in-residence- bustad på same stad. Målet er å bli eit referansepunkt for korleis ein kan redefinere turismebegrepet og jobbe med utvikling av lokalsamfunnet, for å dekke behova til både «korttidsinnbyggarar» og fastbuande.
Foto: Vardehaugen arkitekter

Nyleg blei Træna nominert til KMDs innovasjonspris for 2018. Øyagruppa som ligg utanfor Helgelandskysten er kanskje mest kjent for å tiltrekke seg heile Norges hipstarar til festival om sommaren, men har også klart å gjere seg attraktive for bedrifter som Osram og miljøproduktserien Klar. Med 470 innbyggarar er det ideelle forhold for å teste ut nye brukarorienterte metodar og produkt, og heile øya fungerer som ein pilot, ein mikro-urban inkubator. Med utgangspunkt i lange tradisjonar på havet, er det også til Træna ein skal sjå om ein vil ha nye idear og organiseringsmodellar for turisme, havbruk og fiske. 

Innovasjon er ikkje synonymt med nye appar og teknologi. Det er vel så mykje å tenke nytt rundt det ein allereie har og kan noko om. Lærdal, med sine nokon og tusen innbyggarar, har på to år klart å aktivisere Gamleøyri med nytt liv i tomme lokale. Med kunst og design som verktøy, har dei greidd å skape eit meir levande sentrum for innbyggarar, ha fleire tilbod til turistar, bruke lokale krefter og handverkstradisjonar til å designe nye Lærdal-produkt og skape nye verksemder.

Luftfoto av øykommunen Træna.
Træna, Noregs nest minste kommune, ligg på polarsirkelen, 33 nautiske mil vest for Helgelandskysten. På øya Sanna med dei karakteristiske fjella finst spor etter Norges eldste busetnadar, som daterast 9000 år tilbake.
Foto: Hans Petter Sørensen, FarOutFocus

Det nyttar likevel ikkje å skape arbeidsplassar viss ingen vil bu der. Det svenske forskarparet Mellander og Bjerke, viser til at det ikkje er samanheng mellom talet på jobbar og tilbakeflytting, då dei som ville flytte heim gjorde det uansett. På Raufoss kan dei til dømes tilby nokre av landets mest interessante og nyskapande arbeidsplassar innanfor teknologi, men slit med å få tak i lærlingar. På Stokkøya, 120 km nord for Trondheim, har ein begynt i andre enden. Bygda 2.0 er eit privat initiativ som gjennom moderne arkitektur og design vil gjere bygda meir attraktiv. Ved å legge vekt på andre kvalitetar enn dei tradisjonelle landlege, har satsinga blitt eit levande laboratorium som har klart å trekke folk og kompetanse i motsett retning av byane. For kva kjem eigentleg først, arbeidsplassar eller folk?

Stader som har gode møtestader lykkast i større grad å tiltrekke seg nye innflyttarar, men dei er óg viktige for å skape levande lokalsamfunn med plattformar kor idéutveksling kan skje. På Stokkøya stod «Bygdeboksen» ferdig i 2015 og har blitt hjartet i Bygda 2.0, med blant anna kontorhotell, verkstad, bakeri og storsal. På Træna har besøkande arkitektar bygd om øyas eldste naust til ein felles sauna (sjølvsagt måtte «Havfolket» ha det!), og i sommar inviterer dei unge kreative frå New York og Skandinavia til å tenke nytt rundt grendehuset.

Mennesker i øyskjærgården under arrangement på Stokkøya. Bygdeboksen i bakgrunnen.
«Bygdeboksen» stod ferdig i 2015 og har blitt hjartet i Bygda 2.0. Steg for steg er dei på veg til å realisere eit unikt, fortetta, bærekraftig og moderne bu- og arbeidsmiljø.
Foto: Roar Svenning

Mange bygder blir også sett på som eksotiske utanfrå, noko som nettopp kan vere med å tiltrekke kreative krefter på lengre eller kortare basis. Der den overstimulerande byen i følgje Kuper gir lite rom for å tenke, gir bygda fred. Alle dei stadene som er nemnd har ein form for Business- eller Artist in Recidence program, som betyr at aktørar frå heile verda søker om opphald mot at dei gir noko tilbake til lokalsamfunnet. Slik sikrar ein dynamikk, ei oppleving av at noko skjer, og viktige impulsar utanfrå.

Det er gode grunnar til kvifor byar skal fungere som økonomiske motorar, men mindre samfunn har og ei rekke fordelar for dei som evnar å utnytte dei. Den fremste er korte avstandar, både fysisk og menneskeleg. Ein møter kvarande i ulike situasjonar, og kjenner kvarandre godt. Høg tillit gjer at ein slepp ei rekke transaksjonskostandar, det er kort veg til makta, og det ein bidrar med har ein meir synleg og direkte effekt. Kor det i større byar kan ta lang tid å finne fram til rett etat og rett person, er det ofte ein og same ansvarsområde på mindre stader. Det seier seg sjølv at prosessar går raskare, og det er kortare frå ide til handling.

Me treng fleire slike initiativ, men me treng óg betre offentlege verkemiddel og system som støtter opp under dei.

Siri Holmboe Høibo og Benedicte Wildhagen

 “Its time to learn from the radical change happening beyond the worlds cities”, skreiv den berømte arkitekten Rem Koolhaas i The Economist i fjor haust. I ein erkjennelse av at bygda har fått for lite oppmerksomhet, vil han i 2019 åpne utstillingen ‘Countryside: Future of the World’ på Guggenheim museet i New York. I Norge har bygda fått mykje oppmerksomhet, men ikkje alltid med positivt forteikn. Design og Arkitektur Norge (DOGA) har sjølvsagt meldt inn fleire norske døme til Koolhaas. Medan me ventar på at dei skal bli verdsstjerner, kan me hylle dei her heime. Den beste måten å gjere det på, er å lære av dei.

I Lærdal, på Træna og på Stokkøya har dei vist at ved å tenke nytt rundt dei fordelane ein har, det vere seg størrelse, kultur, geografi, kan små stader bidra med andre typar idear, impulsar og læring som er viktige for Norge. Eksempla her har kome frå både privat og offentleg sektor. Me treng fleire slike initiativ, men me treng óg betre offentlege verkemiddel og system som støtter opp under dei. Det betyr mellom anna meir openheit, mindre målstyring, og meir rom for eksperimentering. Ikkje minst betyr det ei meir heilheitleg tenking rundt korleis me planlegg det nye Norge. Samtidig som me tilrettelegg for nytenkande lokale bedrifter, er me nøydd til å bygge gode lokalsamfunn.

En redigert utgave av denne kronikken ble publisert i Aftenpostens papirutgave og i nettutgaven lørdag 26. mai 2018.

Har du spørsmål?

Ta kontakt på telefon eller e-post.