Hopp til hovedinnhold

Hovedmeny og hjelpeverktøy

Design og arkitektur Norge

Nyheter

Måndag blei den nye stortingsmeldinga ”Berekraftige byar og sterke distrikt” behandla i Stortinget. Debatten spora dessverre raskt av i kjente diskusjonar om utbygging av breiband og flytting av statlege arbeidsplassar. Ein meir interessant debatt ville vere å snakke om kva for tiltak som skal til for å skape berekraftige distrikt- både økonomisk, sosialt og miljømessig. For når regjeringa anslår at me har 15 år før offentlege utgifter overgår inntektene, betyr det at me både må finne nye måtar å skape verdiar på, samtidig som me må prioritere hardare korleis me skal bruke knappare offentlege ressursar. I eit Norge som vil vere prega av omstilling dei neste åra, kan vala me tar rundt byar og distrikt og korleis me planlegger dei, vere avgjerande. 

I følgje Nasjonalrekneskapen hjå Statistisk sentralbyrå har dei som jobbar i Oslo 23 prosent høgare produktivitet, eller verdiskaping per sysselsett, enn landsgjennomsnittet. Her er det sjølvsagt variasjonar, men grunnen til at det jamt over er høgare verdiskaping i byane er eit betre samsvar mellom bedrifters behov og arbeidstakarar sin kompetanse. Det er også fordi læringa i byane er større gjennom at folk møtes meir, og dei bytter jobb oftare. Dette fører til ein raskare akkumulering av kunnskap og meir utveksling av idear, som igjen fører til høgare effektivitet, meir innovasjon og auka verdiskaping. Konsulentselskapet COWI har gjort eit eksperiment for å illustrere dette; ved å flytte 20 000 arbeidstakarar frå tette område mellom Askim og Asker til Oslo sentrum, fann dei at produktiviteten per arbeidstakar auka med 0,08 prosent. Det svarer til fleire hundre millionar kroner i årlege verdiar for Norge.

Viss det handlar om å minske avstandar og møtes meir, korleis overtyder me lokalpolitikarar om å satse på attraktive regionale og lokale sentra?

Siri Holmboe Høiboe

Rådgiver arkitektur, DOGA

Samtidig går det kvart år om lag 40 milliardar frå statskassa til å oppretthalde meir og mindre sprett busetnad i distriktet. Dette er delvis ei ugift som me er nøydd til å tørre og diskutere når oljepengane er i ferd med å ta slutt. For uansett kor verdifult ein synes det er med levande bygdesamfunn, så handlar det no om dei økonomiske verdiane, om å finne nye måtar å oppretthalde velferdsstaten på, og om å sikre ei framtidsretta utvikling av Norge. Me er avhengige av pengar inn for å kunne betale ut gjennom NAV, drifte brannvesen og politi, og for å fortsette å bygge ut jernbanen - i heile landet. 

Med økonomiske fakta på bordet, er det langt meir konstruktivt å begynne å snakke om korleis ein kan planlegge for høgare verdiskaping, også i distriktet. For viss det handlar om å minske avstandar og møtes meir, korleis overtyder me lokalpolitikarar om å satse på attraktive regionale og lokale sentra? Korleis bygger me Bygda 2.0?

Her må nasjonale politikarar, men også arkitektar og byplanleggarar gjere ein betre jobb. Ein får ikkje folk til å flytte frå einebustad med hage, til fordel for dårlege leilegheiter i sentrum. Ein får dei heller ikkje til å bruke sentrum over kjøpesenter, om det dei finn der er tomme lokale og visne blomar. Ein gir dei heller ingen mulegheit for å bruke bilen mindre, om lokale politikarar fortsett å legge barnehage, helsestasjon og arbeidsplassar på ulike stader. 

Portrettfotografi av Siri Holmboe Høyboe, rådgiver arkitektur på DOGA.
Siri Holmboe Høiboe er rådgiver for arkitektur i DOGA.
Foto: Eirik Evjen

Nasjonale politikarar er nøydd til å lage betre føringar og insentiv for at lokale politikarar skal gjere gode val. Det kan dei gjere gjennom til dømes å stramme inn retningslinjene for kommunal- og regional planlegging, slik at det blir vanskelegare å planlegge for meir bilbruk og mindre samvær. Gjennom regelverk kan dei òg sikre at minstekrava for bustadutbygging sikrar betre kvalitet, og gir rom for meir innovasjon og nytenking. Til slutt kan dei òg passe på å gå føre som eit godt døme når Staten sjølv er byggherre. Altfor mange gonger ser me at statlege institusjonar slettes ikkje bygger opp om eigne prinsipp om god byplanlegging og arkitektur. 

Men utan kompetansen til arkitektar og byplanleggarar klarer me ikkje skapa dei attraktive byane, tettstadene og møteplassane som er grunnleggande for å henta ut verdiskapinga. Gjennom kreativitet og standhaftigheit, har fagpersonane har eit stort ansvar for å finne gode løysingar, og for å gi beslutningstakarane gode råd. Finst det berekraftige alternativ til tronge leilegheiter i sentrum? Korleis ser framtidas sentrum ut, og kan det brukas til andre ting en tradisjonell handel? Korleis kan ein bruke våre fysiske omgivnadar til å skape ny produksjon og nye næringar, basert på lokale ressursar og behov?  

Verdiskaping og sterke distrikt handlar om langt meir enn kor dei statlege arbeidsplassane ligg, og det bør også debatten framover gjere. Me veit mykje om kva som fungerer i byen. No handlar det om å overføre denne kunnskapen til også å skape berekraftige bygder, tilpassa både innbyggarar og samfunnet sine behov. Det krev nytenkande politikarar, men òg modige, innovative fagpersonar som kjenner sin verdi og besøkingstid. Det er no me skal bygge det nye Norge. 

Har du spørsmål?

Ta kontakt på telefon eller e-post.