Hovedmeny og hjelpeverktøy

Design og arkitektur Norge

Prosjekter

Involverte aktører: Fjell, Øygarden og Sund kommunar

Om prosjektet

Korleis samhandlar tenestene i avdekking, oppfølging og behandling av utsette barn og unge med samansette utfordringar, samt deira pårørande? ​

Fjell, Sund og Øygarden skal slå seg saman til nye Øygarden kommune, og vil nytta denne moglegheita til å utforska korleis dei kan samordna teneste til utsette barn og unge og deira pårørande. Tenestene er i dag fragmenterte og ulikt organisert i dei tre kommunane som skal slå seg saman.​ Dette prosjektet vil gje kunnskap og erfaring om korleis dei kan nytta tenestedesign som ein del av kommunesamanslåinga, og verta eit konkret eksempel på tenesteutvikling i den nye kommunen.

Kommunen ønskjer med dette prosjektet å oppnå at innbyggjarar i den nye kommunen opplever eit heilskapleg og tilgjengeleg tenesteapparat som tilbyr koordinert og behovstilpassa hjelp til utsette barn og unge . Innbyggjarar som har behov for hjelp skal møta eit tenesteapparat som har «ei dør inn» og der dei ulike tenestene som er involverte snakkar saman og saman kan finna ei heilskapleg oppfølging som ivaretek alle utfordringar og behov hos brukaren.

Samordning av kommunale tenester på dette området vil gje positive gevinstar for innbyggjarane, men også kunna effektivisera tenesta. Innovasjonsgraden i dette prosjektet vert styrka ved at dei tre kommunane skal nytta prosjektet som ein del av arbeidet med kommunesamanslåinga. Dette er nyskapande. Krevjande prosesser, som ei kommunesamanslåing kan vera, kan ofte føra til passivitet og ei kjensle av avmakt hos dei involverte. Kommunen ser difor behov for og verdien av å få inn ekstern prosessrettleiing som motor for positiv endring. Erfaring frå prosjekter i StimuLab er at designmetodikk kan virke forløysande, konstruktivt og engasjerande for organisasjonen.

Prosjektet er ikkje spesielt kompleks i seg sjølv, men kulturarbeidet knytt til samanslåinga gjer det til meir enn eit «reint tenestedesignprosjekt». Mange kommunar er inne i samanslåingsprosesser og tenesteutvikling, og prosjektet har difor også har stor lærings- og overføringsverdi.